Førjulskos på Elevé

Pepparkakepynting - 24.november kl.18. Kr 200

Kom og pynt pepparkaker saman med oss i Elevé Kollektivet. Det blir ein roleg førjulskveld rundt langbordet, med levande lys, glasur i fine fargar og god tid til prat.

Du treng ikkje kunne noko på førehand. Vi syner deg korleis du lagar enkle mønster, hjarte, stjerner og små kunstverk med glasur, og så får du prøve deg fram i ditt eige tempo. Kakene du pyntar, tek du med deg heim, som julegåve eller til eiga kakeboks.

Dette er inkludert:

  • Ferdigbakte pepparkaker

  • Glasur i fleire fargar og alt utstyret du treng

  • Øvingsark med mønster og teknikkar

  • Kaffi, te og litt godt å kose seg med

Det er begrensa antal plassar, så meld deg på tidleg. Ta gjerne med ein ven, ein kollega eller mamma og ei kakeboks til dei nypynta kakene, då dei treng nokre dagar på å tørke.

Vi gler oss til å skape julemagi saman med dokke.

Smykkebar - 26.november. Kl.18-21. Drop-in, begrensa med plassar

Lag ditt eige smykke, armband eller øyredobbar saman med Mio Atelier.

Du vel kva du vil lage og plukkar perler frå fargebretta, akkurat slik du vil ha det.
Så set du saman i ditt eige tempo. Treng du hjelp, er vi like ved.

Til slutt festar vi låsen, og smykket er klart til å ta med heim. Det blir ei fin gåve til nokon du er glad i, eller til deg sjølv.

Prisar (startkit med miniperler):

  • Smykke 175 kr

  • Armband 125 kr

  • Øyredobbar 100 kr
    Spesielt utvalde perler kjem i tillegg, og kvar av dei er merkt med pris.

Det er drop-in, så du kjem når det passar mellom 18 og 21. Plassane rundt bordet er avgrensa. Du kan kjøpe gløgg, kaffe eller te og noko attåt.

Førjulsdag på Elevé -
5.desember kl.12-18

Julemarknad og julekos.
Vi tenner lysa, varmar gløgg og opnar dørene for ein heil dag med julestemning i Nørvågvegen 9.

Førjulsdagen er ein julemarknad med gåver laga med omtanke. Det er ting som er laga for hand, av folk her i nærleiken. Her finn du alt frå spiselege godsaker og heimelaga delikatessar til såper, lys og barneklær. Du kan finne den rette gåva, eller kanskje noko fint til deg sjølv.

Ta med deg nokon du er glad i, set deg ned med ein kopp kaffi eller eit glas varm gløgg og ta deg tid. Her er det ingen stress, berre julekos.

På marknaden finn du:

  • Spiselege gåver og godsaker

  • Såper og lys

  • Barneklær

  • Gløgg, kaffi og julekos

Flow yoga med Julie
890,00 kr

Flow yoga – 4 vekes kurs hos Elevé

Gi deg sjølv ei stund til å kome ut av hovudet og inn i kroppen.

I Flow yoga lèt vi pusten leie oss gjennom bevegelsar og yogastillingar som glir over i kvarandre. Vi utforskar balanse, styrke og mobilitet, med rom for å kjenne etter og tilpasse undervegs.

Gjennom fire veker får du verte betre kjend med øvingar og sekvensar, finne din eigen flyt og styrke kjernemuskulaturen. Kvar økt vert avslutta med ei god avspenning.

Du treng ikkje prestere eller få til ei bestemt form – du møter opp med den kroppen og dagsforma du har.

Temaet for november er takksemd. Vi rettar merksemda mot alt kroppen gjer for oss kvar dag, og øver på å møte den med takksemd og omsorg.

Oppstart: 19.11.2026

Tid: 19:30

Stad: Elevè Kollektivet

Pris: 890kr for 4 veker

Velkomen til fire veker med pust, bevegelse og flyt!

Keramikkveld - 19.november, 2026 Kl.18:00 - 20:30
700,00 kr

Bli med på ein kreativ keramikkveld hos Elevé Keramikkverkstad i Fosnavåg.

Ei oppleving – ikkje berre eit kurs

Keramikk handlar om meir enn det du lagar.
Det handlar om å vere til stades, jobbe med hendene og la tankane få roe seg.

Dette er kvelden der du kan senke skuldrene, vere kreativ – og berre nyte prosessen.

Kva kan du forvente?

Vi startar kvelden med ei kort og enkel innføring i handbygging. Du får lære grunnleggjande teknikkar og kjem raskt i gang med å forme dine eigne uttrykk.

Du jobbar i ditt eige tempo, med rettleiing undervegs – og har stor fridom til å skape det du sjølv ønskjer.

Du kan til dømes lage:
– koppar
– skåler
– små fat eller objekt

Dette handlar ikkje om perfeksjon – men om å skape, utforske og ha ei god oppleving.

For kven passar dette?

Dette kurset passar for deg som:
– aldri har jobba med keramikk før
– ønskjer ein kreativ aktivitet i kvardagen
– vil gjere noko sosialt saman med venar
– ønskjer å koble av og bruke hendene

Du treng ingen forkunnskapar – alle er velkomne.

Praktisk informasjon

Tid: ca. 2,5 timar
Pris: 700 kr per person
Plassar: Maks 10 deltakarar

Inkludert:
– leire & glasur
– bruk av verktøy
– brenning av produkta dine

Etter kurset blir arbeida dine tørka, brent og gjort klare til henting (ca 3 veker).

Klar for å prøve?

Plassane er avgrensa – sikre deg din plass i dag.

Mio Atelier × Elevé

Smykkebar

Torsdag 26. november · kl. 18–21Elevé, Nørvågvegen 9, Fosnavåg

Drop-in – ingen påmelding. Avgrensa plassar ved bordet, men er det fullt, kan du vente i kaféen.

Slik gjer du det

1

Vel kva du vil lage

Smykke, armband eller øyredobbar.

2

Plukk perler

Vel frå fargebretta, akkurat slik du vil ha det.

3

Sett saman

Ta deg tid. Treng du hjelp, er vi like ved.

4

Ta det med heim

Vi festar låsen, og smykket er ferdig.

Prisar

Smykke

175,-

Startkit med miniperler

Armband

125,-

Startkit med miniperler

Øyredobbar

100,-

Startkit med miniperler

*Spesielt utvalde perler kjem i tillegg. Sjå eigne prisar på perlene.

Eit levande fellesskapshus for menneske i utvikling.

Her finn du rytme, ro og kreativ retning — gjennom kurs, fellesskap og praksis. Folk kjem for aktiviteten. Dei blir for menneska.

Elevé Studio

Yoga, kurs, workshops og community for kropp og sinn.

Elevé Keramikk

Ein liten og personleg verkstad for kreativ utfalding.

· LANSERING ·

Bli ein del av Elevé Kollektivet

Som medlem får du ein fast plass i fellesskapet og friheit til å bruke huset på din måte.
Kom innom for å vere med på medlemskveldar, jobbe nokre timar, ta ein kopp kaffi i loungen, ein meditasjon i salen, bruke tid på eit eige prosjekt – eller berre vere ein del av miljøet.

Medlemskapet gir deg tilgang til medlemskveldar, kontorfellesskap, lounge og gruppesal gjennom heile opningstida, og til keramikkverkstaden éin fast dag i veka*.

KUN FOR DEI 20 FØRSTE

MEDLEMSKAP

Elevé Kollektivet

299,-

/mnd første året

Ordinær pris 399,- / månad

Bruk kode ELEVE20

Medlem Elevé Kollektivet
399,00 kr
Hver måned
3 850,00 kr
Hvert år

Hovudmedlemskapet til Elevé. Dette får du som medlem: Kontorfellesskapet er inkludert, og medlemskveldane er alltid gratis. Du får 15 % rabatt på alle kurs, workshops og retreatar, også med eksterne instruktørar. Klientkontor kan bookast til eigen pris. -20% ved å betale årleg.


✓ Kontorfellesskap/lounge/grupperom tilgang
✓ Tilgang til Keramikkverkstaden 1 daga i veka
✓ Rabattar ved booking
✓ Medlemskveldar / dagar
✓ Tilgang til miljøet og huset

Inga bindingstid. Éin månads oppseiingstid. Sjå fullstendige medlemsvilkår.

4-vekers kurs og ny workshop

Alt vi gjer i Kollektivet er bygd på Elevé Metoden — ein praksis om rytme, tilhøyrsle og utvikling som går gjennom heile huset.

  • Anbefalast!! Kjempe kjekt

    — Silje, keramikkdeltakar

  • Kroppen min har betre mobilitet og mindre vondt.

    — Ann Kristin, Elevé Studio

  • For ein flott stad, med sjel!

    — Bente, besøkande