Ein stad for bevegelse, ro og personleg utvikling — gjennom kurs, workshops og praksis saman med andre.
Haustens program i Studio
*Utselt? Set deg på venteliste ved å trykke på produktet
Kva kan du delta på i Studio?
Fire veker med intensjon. Eit innhald som byggjer seg opp veke for veke, i ei lita gruppe med fast møtetid. For deg som vil meir enn ein enkelttime.
4-vekers kurs
Enkeltståande samlingar med fokus på eitt tema. For deg som vil prøve noko nytt, utforske eit område grundigare, eller berre ha ein meiningsfull kveld.
Workshops
Individuelle samtalar og terapitimar med Beate Bøe — sertifisert hypnocoach, yogalærar og terapeut. For deg som vil jobbe med mønstre, stress og indre balanse.
Samtale & terapi
Kvifor fire veker?
Ein enkelttime gir ei god oppleving. Fire veker gir ein vanar.
I Elevé Studio er kursa bygd opp med progresjon — kvart møte heng saman med det neste. Du blir kjend med gruppa, du kjenner deg trygg i rommet, og du merkar endringa over tid. Det er slik praksis faktisk set seg.
Kursa passar for alle nivå. Du treng ingen erfaring — berre vilje til å møte opp.
Varigheit:
4 veker / 4 samlingar
Gruppestorleik:
Maks 6 deltakarar
Kva er inkludert:
1 mnd gratis medlemskap i Elevé Kollektivet.
Elevé Metoden
Alt vi gjer i Studio er bygd på Elevé Metoden — ein praksis om rytme, tilhøyrsle og utvikling som går gjennom heile huset
Usikker på kva som passar deg?
Ta gjerne kontakt — vi hjelper deg å finne rett tilbod.
Flow yoga – 4 vekes kurs hos Elevé
Gi deg sjølv ei stund til å kome ut av hovudet og inn i kroppen.
I Flow yoga lèt vi pusten leie oss gjennom bevegelsar og yogastillingar som glir over i kvarandre. Vi utforskar balanse, styrke og mobilitet, med rom for å kjenne etter og tilpasse undervegs.
Gjennom fire veker får du verte betre kjend med øvingar og sekvensar, finne din eigen flyt og styrke kjernemuskulaturen. Kvar økt vert avslutta med ei god avspenning.
Du treng ikkje prestere eller få til ei bestemt form – du møter opp med den kroppen og dagsforma du har.
Temaet for november er takksemd. Vi rettar merksemda mot alt kroppen gjer for oss kvar dag, og øver på å møte den med takksemd og omsorg.
Oppstart: 19.11.2026
Tid: 19:30
Stad: Elevè Kollektivet
Pris: 890kr for 4 veker
Velkomen til fire veker med pust, bevegelse og flyt!