To kvinner sitter på en sofa i en stue, smilende til kamera. Bak dem henger et fargerikt kunstverk på veggen, og det er planter, samt et lite bord med blomster og dekorasjon.

Elevé er skapt som eit varmt og levande fellesskap – eit rom der skaparglede, velvære og fellesskap får blomstre side om side.

Her kan du finne ro i kropp og sinn, inspirasjon i møta med andre, og pusterom i ein travel kvardag.

Målet er å vere meir enn berre ein verkstad eller ein møteplass:
Elevé skal vere ein inkluderande stad der alle kan kjenne seg velkomne, ivaretatt og inspirerte – anten du kjem for å skape med leire, ta vare på kroppen gjennom yoga eller finne balanse i sinnet.

Gabrielle

Eg er utdanna interiørdesigner og klesdesigner, og har alltid hatt ein djup fascinasjon for form, fargar og det å skape med hendene. Samtidig har eg kjent på eit personleg savn – eit ønske om eit fellesskap der kreativitet, helse og velvere kan møtast i same rom. Elevé er svaret på dette ønsket. For meg handlar det om å skape ein stad som gjev rom for både leik og stillheit, for kreativ utfalding og kvile. Eit sosialt, inkluderande og inspirerande fellesskap der menneske kan kjenne seg heime, vekse og oppdage nye sider av seg sjølv.

Kvinde står ved en abstrakt maleri på en vegg, i et rom med rosa gardiner og en vinduskarm med en plante i en lys krukke.

Beate

Eg er utdanna yogalærar og sertifisert hypnocoach, med vidare fordjuping som terapeut innan indre ro og mental balanse. Gjennom fleire år har eg møtt menneske som ber på stress, uro og mønster dei ønskjer å endre – og eg har sett kor stor forskjell det gjer å få rom til å puste, kjenne etter og bli møtt. Det ønsket har eg teke med meg inn i Elevé. For meg handlar Elevé om å skape ein trygg stad der kropp og sinn får jobbe saman, der du kan senke skuldrene og bli betre kjend med deg sjølv. Eg brenn for å hjelpe menneske vidare – gjennom samtale, yoga og terapi – i eit fellesskap der alle skal kjenne seg sett og ivaretekne.

Et bilde av en smilende kvinne med lang mørk hår, iført en rosa blazer og hvit topp, sittende på en hvit sofa i et rom med planter og et fargerikt kunstverk på veggen.

Vår filosofi

To kvinner i rosa dresser sitter ved et bord i et rustikk innredet rom, smiler og ler. Det er en stor vase med blomster, små fat med bakverk og lys på bordet. En bok ligger foran i forgrunnen.

Elevé byggjer på ei grunntru om at menneske har behov for meir enn berre éin dimensjon i livet.

Vi trur på samspel mellom:

  • kropp og sinn

  • struktur og kreativitet

  • utvikling og kvile

Elevé er skapt som eit alternativ til det fragmenterte kvardagslivet, der trening, arbeid og kreativitet ofte er delt opp.

Her blir det samla.

Vi trur at:

  • utvikling skjer best i praksis, ikkje berre i teori

  • kreativitet er ein inngang til ro og nærvær

  • kroppen er ein nøkkel til mental balanse

  • fellesskap forsterkar vekst

Og viktigast:

Vi trur at menneske ikkje treng å bli noko anna –
men få rom til å bli meir seg sjølve.

To kvinner smiler i et rom med barområde. Den ene kvinnen står med et glass champagne, den andre sitter bak baren med en rosa jakke. Baren har kopper, kaffemaskiner og glass. Veggen har kunst og bilder.

Fellesskapet i Elevé

Elevé er ikkje berre ein stad du kjem for å delta.
Det er ein stad du kjem for å høyre til.

Fellesskapet er bygd på tre kjerneprinsipp:

Vi løfter kvarandre

Her er det rom for å vere ny, usikker, nysgjerrig eller erfaren.
Det handlar ikkje om prestasjon, men om utvikling.

Vi deler meir enn aktivitetar

Folk kjem for yoga, keramikk eller kurs –
men blir verande for menneska.

Relasjonane er ein like viktig del av opplevinga som sjølve tilboda.

Vi skapar saman

Elevé er ikkje eit ferdig konsept.
Det er ein levande arena som utviklar seg i takt med menneska som er der.

Medlemmar, instruktørar og deltakarar er med på å forme miljøet.

En mann sitter cross-legged på en seng i et rom med rosa vegger, dekorert med abstrakt kunst og rosa gardiner, og smiler til kamera.
To kvinner som klemmer hverandre i et rom med moderne innredning, rundt et bord med stoler, og store vinduer i bakgrunnen.
En kvinne sitter på en myk, lysfarget teppe i et rom med rosa og lilla dekorasjoner og samtidskunst på veggen, iført svart t-skjorte og bukse, smilende.
En kvinne står bak et borddekket med fargerike bakverk, cupcakes og småkaker, med blomster og dekorasjoner. Det er et vindu bak henne, og det er stueinnredning med hyller og planter rundt.
Et bilde av en kvinne sittende på en hvit sofa i et rom med planter og fargerikt veggkunst i bakgrunnen.

Vårt team og samarbeidspartnara

Linn Therese Sævik

Vi er svært glade for å ha Linn Therese med på laget i Elevé Studio.

Ho er ei ekte ildsjel med eit sterkt engasjement for fellesskap, helse og tilstedeværelse. Som vinnar av Frivilligprisen 2024 har ho vist kva drivkraft og gjennomføringsevne betyr i praksis.

Linn Therese har teke utdanning innan medisinsk yoga, traumesensitiv yogaterapi og ayurvedisk massasjeterapi.

Linn Therese jobbar med utanforskap i NAV, er dagleg leiar i Fyr til Fyr og styreleiar for Herøy Spelet – Kongens Ring. Ho ber mange hattar – og no er vi glade for at ho òg er ein del av Elevé.

Hos oss vil ho hjelpe deg med å finne ro før natta, skape ein god og nærande start på dagen, og tilby ayurvedisk massasjeterapi. Med hennar varme og tilstedeværelse legg ho til rette for djup avspenning og betre balanse i kvardagen.

En kvinnelig person med langt brunt hår sitter på en beige teppe i et rom med rosa vegger, omgitt av lysestaker med LED-lys og grønne planter. Bakken har en kunstnerisk veggdekorasjon og speil i organiske former.

Julie Kreis

Julie har undervist yoga i Noreg i over tre år og har ein tilnærming som kombinerer bevisst bevegelse med funksjonell styrke og mobilitet. Ho legg vekt på berekraftig praksis, kroppsbevisstheit og langsiktig helse, og ønskjer å skape eit inkluderande rom der alle nivå kan kjenne seg trygge og ivaretekne.

Et kvinne smiler, sitter ved vannet med fjell og grønne åser i bakgrunnen, holder en kopp, og har en kremfarget pledd over bena.

Marko Polter

Marko driv med fridykking og har praktisert yoga i over sju år. Gjennom eiga reise frå skade til ei djupare kroppsforståing har han utvikla ein sterk kompetanse innan medviten pust, avspenning og funksjonell tøying. Erfaringa frå fridykkinga gir timane hans eit særpreg, der pust, fokus og nærvær står sentralt.

En mann sitter i en yogastilling på en stuebord, kledd i en rød genser og blå jeans, omgitt av kunst og speil i et moderne interiør.

Therese Teige

Eigar og grunnleggar av Skullmuffins

Vi er så heldige i Elevé Kollektivet at vi har fått stille ut Therese sin fantastiske kunst, som er til sals.

Nærbilde av en kvinne med lys, krøllete hår, som har piercing i nesen og en liten skallepynt på t-skjorten. Background er uklar.

Lat oss samarbeide

Elevé er meir enn eit studio og ein verkstad – det er eit fellesskap i utvikling.

Vi trur på krafta i samarbeid, og at nye idéar og prosjekt veks fram når menneske møtast.
Difor ønskjer vi å knyte band til aktørar, kreative sjeler og bedrifter som deler visjonen vår om å skape rom for helse, velvere, kreativitet og fellesskap.

Har du lyst til å halde kurs, stille ut arbeid, tilby tenester innan helse eller velvere – eller bidra med noko heilt nytt?


Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Saman kan vi skape inspirerande opplevingar og eit inkluderande miljø der menneske kjenner seg velkomne, ivaretatt og motivert til å utfalde seg.

Besøk oss

 

Nørvågveg 9,

6090 Fosnavåg

Du finn oss i Voldnesbygget.
Du kan parkere utanfor eller på parkeringsplassen litt forbi bygget, mot Vågsholmen. Til høgre rett etter svingen.
Elevé Studio og Hypnocoach Beate Bøe held til i 2 etasje. Inngang på sida av bygget, opp trappa og inn den rosa døra.

E-post

post@eleve.no