Keramikkverkstad
Ein liten og personleg verkstad i Fosnavåg.
Roleg tempo og god stemning.
Du treng ingen erfaring — berre lyst til å skape
noko med hendene.
Program
Elevé Keramikkverkstad
Opplev ei kreativ pause frå kvardagen og lær grunnleggjande handbygging i keramikk.
Med rettleiing gjennom heile kvelden lagar du dine eigne koppar, skåler eller andre små prosjekt… Trykk på bildet for å lese meir
Slik fungerer det
Når du deltek på keramikk hos oss:
Små grupper — maks 8–10 deltakarar
Alt verktøy er inkludert
Brenning er inkludert
Ingen erfaring nødvendig
Lett servering (kaffe/te)
Arbeida er klare for henting etter ca. 3–4 veker.
Medlemskap
Bli ein fast del av verkstaden
For deg som vil ha ein mjuk start eller halde på med eigne prosjekt i rolege former. Du får grunnleggjande tilgang til verkstaden og alt du treng for å utfalde deg kreativt.
*Bruk av utstyr - sjå medlemsavtalen
**Ved å kjøpe dette medlemskapet godkjenner du medlemsavtalen og pliktar deg til å følgje retningslinjene for bruk av verkstaden.
Medlemskapet er personleg og kan ikkje overførast til andre. Inga bindingstid, men ein månads oppseiingstid.
For den dedikerte keramikaren som vil satse litt ekstra. Fleire timar, meir lagringsplass, moglegheit til å ta med ein ven og høve til å selje produkta dine gjennom Elevé.
*Inkluderer det som er i Basis medlemskap**
*Bruk av utstyr - sjå medlemsavtalen
**Ved å kjøpe dette medlemskapet godkjenner du medlemsavtalen og pliktar deg til å følgje retningslinjene for bruk av verkstaden.
Medlemskapet er personleg og kan ikkje overførast til andre. Inga bindingstid, men ein månads oppseiingstid.
Elevé Metoden
Alt vi gjer i verkstaden er bygd på Elevé Metoden — ein praksis om rytme, tilhøyrsle og skaparglede som går gjennom heile huset.
Planlegg du noko med vener, familie eller kollegaer?
Vi tilbyr private arrangement i verkstaden — utan krav til erfaring og utan prestasjon. Berre godt selskap og leire i hendene.
Gåvekort for verkstaden
Gi ei oppleving – ikkje berre ein ting.
Med dette gåvekortet får mottakaren utforske kreativiteten sin gjennom keramikk i eit roleg og inspirerande miljø.
Perfekt for deg som vil gi ei meiningsfull pause frå kvardagen – åleine eller saman med andre.
Kan brukast på kurs, keramikkveld eller private arrangement.
Gi ei oppleving – ikkje berre ein ting.
Perfekt for deg som vil gi ei meiningsfull pause frå kvardagen. Kan brukast på kurs, keramikkveld eller private arrangement.
Bli med på ein kreativ keramikkveld hos Elevé Keramikkverkstad i Fosnavåg.
Ei oppleving – ikkje berre eit kurs
Keramikk handlar om meir enn det du lagar.
Det handlar om å vere til stades, jobbe med hendene og la tankane få roe seg.
Dette er kvelden der du kan senke skuldrene, vere kreativ – og berre nyte prosessen.
Kva kan du forvente?
Vi startar kvelden med ei kort og enkel innføring i handbygging. Du får lære grunnleggjande teknikkar og kjem raskt i gang med å forme dine eigne uttrykk.
Du jobbar i ditt eige tempo, med rettleiing undervegs – og har stor fridom til å skape det du sjølv ønskjer.
Du kan til dømes lage:
– koppar
– skåler
– små fat eller objekt
Dette handlar ikkje om perfeksjon – men om å skape, utforske og ha ei god oppleving.
For kven passar dette?
Dette kurset passar for deg som:
– aldri har jobba med keramikk før
– ønskjer ein kreativ aktivitet i kvardagen
– vil gjere noko sosialt saman med venar
– ønskjer å koble av og bruke hendene
Du treng ingen forkunnskapar – alle er velkomne.
Praktisk informasjon
Tid: ca. 2,5 timar
Pris: 700 kr per person
Plassar: Maks 10 deltakarar
Inkludert:
– leire & glasur
– bruk av verktøy
– brenning av produkta dine
Etter kurset blir arbeida dine tørka, brent og gjort klare til henting (ca 3 veker).
Klar for å prøve?
Plassane er avgrensa – sikre deg din plass i dag.