Rom for å lande 14–19 år– 4-vekers kurs med Linn-Therese, september 6 kl. 20:00

890,00 kr

Kjenner du på mykje stress, tankekøyr eller press i kvardagen? Eller treng du berre ein stad der du kan senke skuldrane og vere akkurat den du er?

Ungdomstida kan vere full av skule, forventningar, prestasjonar, sosiale medium, vener, aktivitetar og tankar om framtida. Nokre gonger kan det kjennast som det er altfor mykje å stå i, andre gonger kjennest det ut som livet leikar. I denne gruppa får du ein pause frå alt som skjer rundt deg.

Rom for å lande er eit pusterom for deg mellom 14 og 19 år – der du kan få meir ro i kroppen, klarare tankar og betre kontakt med deg sjølv.

I gruppa får du utforske yoga, pust, avspenning og ro på ein enkel og uformell måte. Vi skal ta ein pause frå alt som skjer, øve oss på å puste, vere til stades og bevege oss på ein måte som hjelper kroppen med å sleppe spenningar og stress.

Etter timen kan du gå heim med ei kjensle av å vere lettare, rolegare og meir til stades. Du får med deg enkle verktøy du kan bruke når du kjenner deg stressa, har mange tankar, treng betre fokus eller berre treng ei pause.

Du treng ikkje vere flink, mjuk eller ha erfaring med yoga. Du treng berre å kome som du er.

4 veker · Søndagar frå 30. august · Kl 20:00 - 21:00 · Elevé Studio