Tenestevilkår.

Velkomen til Elevé Kollektivet, drive av Elevé Valø, org.nr. 935 224 144.
Når du nyttar våre tenester, godtek du desse vilkåra. Les dei nøye før du tek i bruk tenesta.

1. Generelt

Desse vilkåra gjeld for bruk av nettsida og tenestene våre. Ved å registrere deg, kjøpe medlemskap eller nytte bookingtenesta, stadfestar du at du har lese og godteke vilkåra.

2. Brukaransvar

  • Du pliktar å gi korrekte opplysningar når du registrerer deg.

  • Du er ansvarleg for aktiviteten som skjer på din konto.

  • Du forpliktar deg til å bruke tenesta på ein måte som ikkje bryt med norsk lov.

3. Betaling og medlemskap

  • Prisane for tenester og medlemskap er oppgjevne på nettsida.

  • Betaling skjer gjennom

  • Medlemskap blir automatisk fornya dersom ikkje anna er opplyst.

  • Avtalen kan seiast opp etter gjeldande oppseiingstid (1 mnd for Keramikkverkstaden*).

4. Booking og avbestilling

  • All bruk av verkstad/tenester må bookast på førehand gjennom systemet vårt.

  • Avbestilling må gjerast innan 24 timar før avtalt tid.**

  • Manglande oppmøte utan avbestilling kan bli belasta.**

5. Ansvarsavgrensing

  • Vi strevar for å tilby stabile og trygge tenester, men kan ikkje garantere uavbroten drift.

  • Vi er ikkje ansvarlege for tap, skade eller konsekvensar som oppstår ved bruk av tenesta, med mindre anna følgjer av ufråvikeleg lovgiving.

6. Personvern

Vi handterer personopplysningar i tråd med gjeldande personvernlovgiving (GDPR). Sjå eiga personvernerklæring for detaljar.

7. Endringar i vilkåra

Vi kan oppdatere desse vilkåra ved behov. Nye vilkår vil bli publisert på nettsida, og dato for siste oppdatering vil bli endra.

8. Elevé-appen

Abonnement og kjøp av Human Design i Elevé-appen følgjer eigne kjøpsvilkår, med prøveperiode, oppseiing og angrerett: app.eleve.no/vilkar.html

9. Kontakt

Har du spørsmål om desse vilkåra, kan du ta kontakt med oss:


Elevé Kollektivet
post@eleve.no
Nørvågvegen 9, 6090 Fosnavåg