Personvernerklæring for Elevé Kollektivet

1. Innleiing

Elevé Kollektivet er opptatt av å beskytte ditt personvern. Denne erklæringa forklarar kva opplysningar vi samlar inn, kvifor vi gjer det og korleis dei blir behandla.

2. Kva vi samlar inn

Vi lagrar berre opplysningar som er nødvendige for å levere tenestene våre:

  • Namn og kontaktinformasjon når du bookar time, kurs eller workshop

  • E-postadresse ved påmelding til nyheitsbrev

  • Betalingsinformasjon ved kjøp av medlemskap, kurs eller arrangement

3. Kva vi brukar opplysningane til

  • Administrasjon av bookingar, kurs og medlemskap

  • Utsending av viktig informasjon om timar, kurs og arrangement

  • Distribusjon av nyheitsbrev dersom du har meldt deg på

4. Deling av opplysningar

Vi sel eller deler aldri personopplysningar med tredjepartar. Unntak gjeld berre når det er nødvendig for:

  • Betaling (gjennom sikre betalingsløysingar)

  • Drift av booking- og nyheitsbrevtenester

5. Lagring og tryggleik

Opplysningane dine blir lagra på sikre serverar hos våre samarbeidspartnarar (t.d. MakePlans, Kajabi, Squarespace eller Mailchimp/Tally). Vi tek nødvendige tiltak for å beskytte data mot uautorisert tilgang.

6. Dine rettar

Du har rett til:

  • Innsyn i kva opplysningar vi har lagra om deg

  • Å få opplysningar retta eller sletta

  • Å trekke tilbake samtykke til nyheitsbrev når som helst

Send ein e-post til 📩 post@eleve.no dersom du ønskjer å nytte desse rettane.

7. Kontaktinformasjon

Elevé Kollektivet
📍 Fosnavåg, Norge
📩 post@eleve.no