Bli ein del av Elevé Kollektivet
Vi har medlemskap for ulike behov — anten du vil tilhøyre huset eller jobbe med keramikk på eigne prosjekt.
Opnar i september
〰️
Opnar i september 〰️
Elevé Kollektivet —din faste plass i huset
Elevé er meir enn ein stad du kjem til på kurs eller timar.
Vi ønskjer å skape eit hus der du kan vere, høyre til, skape, jobbe og møte andre.
Som medlem får du ein fast plass i fellesskapet og friheit til å bruke huset på din måte.
Kom innom for å jobbe nokre timar, ta ein kopp kaffi i loungen, ein meditasjon i salen, bruke tid på eit eige prosjekt – eller berre vere ein del av miljøet.
Medlemskapet gir deg tilgang til cowork og lounge gjennom heile opningstida, og til keramikkverkstaden éin fast dag i veka.
Kva er inkludert:
Du får ein fast plass i fellesskapet rundt Elevé, med tilgang til community-kveldar og felles samlingar. Du kan bruke cowork- og loungeområdet i opningstida, og nyte kaffe og te når huset er ope. Du får også tilgang til keramikkverkstaden éin fast dag i veka*, medlemsrabatt på kurs, workshops og andre bookingar hos Elevé, samt tilgang til medlemsportalen med digitalt innhald.
*Leire og brenning/materialkostnader har eigne vilkår.
*Inga bindingstid. Ein månads oppseiing.
Community-kveldane vil variere gjennom året og kan vere alt frå journaling, meditasjon og rolege praksisar til kreative kveldar, fagleg påfyll og sosiale samlingar.
Som medlem er du ein del av Elevé, ikkje berre ein gjest.
Vi ønskjer også at Elevé skal vere eit fellesskap der medlemmane kan vere med og forme huset, dersom dei har lyst. Kanskje har du noko du brenn for som andre kan ha glede av eller vil invitere andre inn i ei interesse du har sjølv.
Det kan vere alt frå fermentering, strikking, pust, foto og hage til skriving eller ein bokklubb.
Du treng ikkje bidra – men om du har lyst, er det rom for å dele, invitere og skape noko saman med andre.
På den måten blir du ikkje berre ein som brukar Elevé. Du kan også vere med og skape det som skjer her.
For oss er det noko av det finaste med eit levande community: at huset får utvikle seg gjennom menneska som er ein del av det.
Dette er ikkje eit treningsabonnement eller ein kursavtale.
Det er ein nøkkel til huset – og til fellesskapet.
Bli ein del av huset for kun 299 kr det første året. Bruk kode ELEVE20
*Kun dei 20 første
Elevè Kollektivet
Hovudmedlemskapet til Elevé. Gir deg tilgang til huset, miljøet og fellesskapet — kvar veke. -20% ved å betale årleg.
Opnar i september
〰️
Opnar i september 〰️
Keramikk
medlemskap
Som keramikkmedlem får du tilgang til verkstaden, utstyr og brennomn — og eit kreativt fellesskap å kome tilbake til.
Keramikk Basis
For deg som vil ha ein mjuk start eller halde på med eigne prosjekt i rolege former. Du får grunnleggjande tilgang til verkstaden og alt du treng for å utfalde deg kreativt.
Bruk av utstyr - sjå medlemsavtalen
*Dreieskive er ikkje inkludert i “Basis”
**Ved å kjøpe dette medlemskapet godkjenner du Medlemsavtalen og pliktar deg til å følgje retningslinjene for bruk av verkstaden.
Medlemskapet er personleg og kan ikkje overførast til andre.
Inga bindingstid, men ein månads oppseiingstid.
Keramikk Pluss
For den dedikerte keramikaren som vil satse litt ekstra. Fleire timar, meir lagringsplass, moglegheit til å ta med ein ven og høve til å selje produkta dine gjennom Elevé.
*Bruk av utstyr - sjå medlemsavtalen
**Ved å kjøpe dette medlemskapet godkjenner du Medlemsavtalen og pliktar deg til å følgje retningslinjene for bruk av verkstaden.
Medlemskapet er personleg og kan ikkje overførast til andre.
Inga bindingstid, men ein månads oppseiingstid.
“For ein flott stad, med sjel!
Bente - besøkandeKlar til å bli ein del av huset?
Usikker på kva som passar deg? Send oss ei melding — vi hjelper deg å finne rett tilbod.