4 veker · Søndagar · Kl 20:00 - 21:00 · Elevé Studio • Oppstart ved 5 påmelde
Kjenner du på mykje stress, tankekøyr eller press i kvardagen? Eller treng du berre ein stad der du kan senke skuldrane og vere akkurat den du er?
Ungdomstida kan vere full av skule, forventningar, prestasjonar, sosiale medium, vener, aktivitetar og tankar om framtida. Nokre gonger kan det kjennast som det er altfor mykje å stå i, andre gonger kjennest det ut som livet leikar. I denne gruppa får du ein pause frå alt som skjer rundt deg.
Rom for å lande er eit pusterom for deg mellom 14 og 19 år – der du kan få meir ro i kroppen, klarare tankar og betre kontakt med deg sjølv.
I gruppa får du utforske yoga, pust, avspenning og ro på ein enkel og uformell måte. Vi skal ta ein pause frå alt som skjer, øve oss på å puste, vere til stades og bevege oss på ein måte som hjelper kroppen med å sleppe spenningar og stress.
Etter timen kan du gå heim med ei kjensle av å vere lettare, rolegare og meir til stades. Du får med deg enkle verktøy du kan bruke når du kjenner deg stressa, har mange tankar, treng betre fokus eller berre treng ei pause.
Du treng ikkje vere flink, mjuk eller ha erfaring med yoga. Du treng berre å kome som du er.
4 veker · Tirsdagar frå 17. november · Kl 10:00 - 11:00 · Elevé Studio
Vagus-yoga er eit roleg yogakurs over 4 veker saman med Anine, med fokus på regulering av nervesystemet.
Gjennom rolige og enkle øvingar kan du oppleve mindre spenning, betre sirkulasjon og bli meir merksam på korleis kroppen faktisk har det. Du får enkle verktøy som kan hjelpe deg å skape meir ro og regulering – både under timen og i kvardagen.
Du kan forvente:
eit avbrekk frå stress og høgt tempo
bli meir merksam på spenningar og kva kroppen treng
meir ro og mindre indre uro
å kjenne deg mjukare og meir avslappa
djupare og meir medviten pust
enkle teknikkar du kan ta med deg vidare
Timen har eit roleg tempo og krev ingen forkunnskapar. Du treng ikkje vere mjuk, sprek eller ha gjort yoga før. Du møter opp akkurat slik du er, og tilpassar øvingane etter kroppen og dagsforma di.
Målet er ikkje å prestere — men å gå ut av timen litt rolegare, litt mjukare og litt meir regulert enn då du kom inn.
*Ved kjøp av 4-vekers kurs får du gratis 1 måned ved Elevé Kollektivet - medlemskap (gjeld ny-kunde)
Les meir om medlemskapet her.
Søket ga ingen treff. Prøv å fjerne et par filtre.