4 veker · Søndagar frå 6. september · Kl 20:00 - 21:00 · Elevé Studio
Kjenner du på mykje stress, tankekøyr eller press i kvardagen? Eller treng du berre ein stad der du kan senke skuldrane og vere akkurat den du er?
Ungdomstida kan vere full av skule, forventningar, prestasjonar, sosiale medium, vener, aktivitetar og tankar om framtida. Nokre gonger kan det kjennast som det er altfor mykje å stå i, andre gonger kjennest det ut som livet leikar. I denne gruppa får du ein pause frå alt som skjer rundt deg.
Rom for å lande er eit pusterom for deg mellom 14 og 19 år – der du kan få meir ro i kroppen, klarare tankar og betre kontakt med deg sjølv.
I gruppa får du utforske yoga, pust, avspenning og ro på ein enkel og uformell måte. Vi skal ta ein pause frå alt som skjer, øve oss på å puste, vere til stades og bevege oss på ein måte som hjelper kroppen med å sleppe spenningar og stress.
Etter timen kan du gå heim med ei kjensle av å vere lettare, rolegare og meir til stades. Du får med deg enkle verktøy du kan bruke når du kjenner deg stressa, har mange tankar, treng betre fokus eller berre treng ei pause.
Du treng ikkje vere flink, mjuk eller ha erfaring med yoga. Du treng berre å kome som du er.
4 veker · Ondagar frå 14. oktober · Kl 18:30 - 19:30 · Elevé Studio
For deg mellom 10 og 14 år
Skule, vener, fritidsaktivitetar, forventningar og mykje som skjer på ein gong. Av og til kan det vere godt å ha ein stad der du kan stoppe opp, puste og berre vere deg sjølv ei stund.
Kvil deg er eit trygt og uformelt kurs der vi utforskar yoga, pust og bevegelse – og lærer enkle måtar å finne meir ro i kroppen og hovudet.
Gjennom dei fire vekene skal vi utforske:
korleis pusten kan hjelpe når ting kjennest litt mykje
enkle bevegelsar som er gode for kroppen
små teknikkar for å roe ned mange tankar
øvingar som kan gi betre fokus og konsentrasjon
korleis vi kan lytte til kroppen og kjenne kva vi treng
Vi skal øve på å stoppe opp, puste, kjenne etter og finne vår eiga ro. Og vi skal sjølvsagt ha det gøy og leike med bevegelse undervegs.
Målet er å gi ungdommane enkle verktøy dei kan bruke i kvardagen – før ei prøve, etter ein stressande dag, når tankane går i spinn, eller når dei berre treng ei pause.
Her handlar det ikkje om å prestere. Du treng ikkje vere flink i yoga eller kunne noko frå før.
Her kan du puste, lande, bevege deg og vere akkurat som du er.
Søket ga ingen treff. Prøv å fjerne et par filtre.