Keramikkurs Nybegynnar

(3 dagar)

Hos Elevé kan du bli kjend med keramikk i eit roleg og inkluderande miljø. Vi jobbar hovudsakleg med handbygging og gir ei enkel og oversiktleg innføring i leire, tilpassa deg som ikkje har erfaring frå før.

Vi tilbyr nybegynnarkurs og kortare introduksjonskurs der du lærer grunnleggande teknikkar, formar eigne produkt og får innsikt i heile prosessen frå rå leire til ferdig keramikk – inkludert glasering. Kursa blir haldne i små grupper, med god tid og tett oppfølging.

Dette kurset er for deg som:

  • aldri har jobba med leire før, eller som har tatt introduksjonskurs og vil utforske leira vidare.

  • ønskjer ei praktisk og oversiktleg innføring med litt ekstra tid til å fordjupe seg i leira.

  • vil prøve noko nytt.

  • ønskjer ein kreativ aktivitet utan krav til forkunnskap

    Kurset er lagt opp slik at alle kan delta, uavhengig av bakgrunn eller tidlegare erfaring.

Kva lærer du på Nybegynnarkurset?

Kurset gir ei grunnleggande innføring i handbygging, pølse- og plateteknikk.

Du lærer:

  • korleis leira fungerer

  • Grunnleggjande handbyggingsteknikkar (klypeteknikk, pølseteknikk, plate)

  • Korleis bygge opp stabile forme

  • Enkle dekor- og overflateteknikkar

  • Klargjering til tørk og brenning

  • Glasering av eigne produkt

Kurset går over tre dagar, slik at du får tid til både å lære, prøve og utvikle deg mellom kvar samling.brent.

Målet er at du skal gå heim med meistringsfølelse og forståing, ikkje perfeksjon.

Praktisk informasjon

  • Pris: 2900 kr

  • Varigheit: 3 samlingar

    • Laurdag 20. juni kl. 10:00 - 14:00

    • Søndag 21. juni kl. 10:00 - 14:00

    • Søndag 28. Juni kl. 10:00 - 14:00

  • Små grupper for tett oppfølging

  • Inkluderer leire, verktøy, brenning og glasur

Du treng ingen forkunnskapar – berre lysta til å skape.

Inkludert i prisen:

  • ca. 4 kg leire per deltakar

  • Alt nødvendig utstyr

  • Brenning av ferdige produkt

Ferdige produkt kan hentast etter avtale når dei er ferdig brende.