Våre samarbeidspartnarar

Beate Bøe

Beate er sertifisert hypnocoach og yogalærar, med lang erfaring i å støtte menneske på vegen mot meir ro, balanse og indre kraft.


Hos Beate kan du bestille både 1:1 hypnocoaching og delta på gruppetimar i yoga, meditasjon og trommereiser.

Linn Therese Sævik

Vi er svært glade for å ha Linn Therese med på laget i Elevé Studio.

Ho er ei ekte ildsjel med eit sterkt engasjement for fellesskap, helse og tilstedeværelse. Som vinnar av Frivilligprisen 2024 har ho vist kva drivkraft og gjennomføringsevne betyr i praksis.

Linn Therese har teke utdanning innan medisinsk yoga, traumesensitiv yogaterapi og ayurvedisk massasjeterapi.

Linn Therese jobbar med utanforskap i NAV, er dagleg leiar i Fyr til Fyr og styreleiar for Herøy Spelet – Kongens Ring. Ho ber mange hattar – og no er vi glade for at ho òg er ein del av Elevé.

Hos oss vil ho hjelpe deg med å finne ro før natta, skape ein god og nærande start på dagen, og tilby ayurvedisk massasjeterapi. Med hennar varme og tilstedeværelse legg ho til rette for djup avspenning og betre balanse i kvardagen.

Julie Kreis

Julie har undervist yoga i Noreg i over tre år og har ein tilnærming som kombinerer bevisst bevegelse med funksjonell styrke og mobilitet. Ho legg vekt på berekraftig praksis, kroppsbevisstheit og langsiktig helse, og ønskjer å skape eit inkluderande rom der alle nivå kan kjenne seg trygge og ivaretekne.

Marko Polter

Marko driv med fridykking og har praktisert yoga i over sju år. Gjennom eiga reise frå skade til ei djupare kroppsforståing har han utvikla ein sterk kompetanse innan medviten pust, avspenning og funksjonell tøying. Erfaringa frå fridykkinga gir timane hans eit særpreg, der pust, fokus og nærvær står sentralt.

Therese Teige

Eigar og grunnleggar av Skullmuffins

Vi er så heldige i Elevé Kollektivet at vi har fått stille ut Therese sin fantastiske kunst, som er til sals.