Keramikkveld (Introduksjon)

Hos Elevé kan du bli kjend med keramikk i eit roleg og inkluderande miljø. Vi jobbar hovudsakleg med handbygging og gir ei enkel og oversiktleg innføring i leire, tilpassa deg som ikkje har erfaring frå før.

Vi tilbyr nybegynnarkurs og kortare introduksjonskurs der du lærer grunnleggande teknikkar, formar eigne produkt og får innsikt i heile prosessen frå rå leire til ferdig keramikk – inkludert glasering. Kursa blir haldne i små grupper, med god tid og tett oppfølging.

Kva lærer du på Introduksjonskurset?

Kurset gir ei grunnleggande innføring i handbygging.

Du lærer:

  • korleis leira fungerer

  • enkle handbyggingsteknikkar (klypeteknikk, pølseteknikk, plate)

  • korleis forme ein kopp og ei skål

  • grunnleggande overflate og enkel dekor

  • kva som skjer vidare med keramikken etterpå

Målet er at du skal gå heim med meistringsfølelse og forståing, ikkje perfeksjon.

Dette kurset er for deg som:

  • aldri har jobba med leire før

  • er nysgjerrig på keramikk, men manglar erfaring

  • ønskjer ei praktisk og oversiktleg innføring

  • vil prøve noko nytt.

  • ønskjer ein kreativ aktivitet utan krav til forkunnskap

    Kurset er lagt opp slik at alle kan delta, uavhengig av bakgrunn eller tidlegare erfaring.

Kva lagar du?

På kurset lagar du vanlegvis:

  • 1 kopp med hank / skål sett - som du får glasere på slutten av kurset.

Kvart produkt blir unikt – akkurat slik det skal vere.

Praktisk informasjon

  • Pris: 750 kr

  • Varigheit: ca. 2,5 timar

  • Nivå: Nybegynnar

  • Gruppestorleik: Små grupper for god rettleiing (maks 10 personar).

  • Språk: Norsk

Inkludert i prisen:

  • ca. 400 g leire per deltakar

  • Alt nødvendig utstyr

  • Brenning av ferdige produkt

Ferdige produkt kan hentast etter avtale når dei er ferdig brende.