Om Elevé

Elevé er skapt som eit varmt og levande fellesskap – eit rom der skaparglede, velvære og fellesskap får blomstre side om side. Her kan du finne ro i kropp og sinn, inspirasjon i møta med andre, og pusterom i ein travel kvardag. Målet er å vere meir enn berre ein verkstad eller ein møteplass: Elevé skal vere ein inkluderande stad der alle kan kjenne seg velkomne, ivaretatt og inspirerte – anten du kjem for å skape med leire, ta vare på kroppen gjennom yoga eller finne balanse i sinnet.

Gabrielle

Eg er utdanna interiørdesigner og klesdesigner, og har alltid hatt ein djup fascinasjon for form, fargar og det å skape med hendene. Samtidig har eg kjent på eit personleg savn – eit ønske om eit fellesskap der kreativitet, helse og velvere kan møtast i same rom. Elevé er svaret på dette ønsket. For meg handlar det om å skape ein stad som gjev rom for både leik og stillheit, for kreativ utfalding og kvile. Eit sosialt, inkluderande og inspirerande fellesskap der menneske kan kjenne seg heime, vekse og oppdage nye sider av seg sjølv.

Kvinde står ved en abstrakt maleri på en vegg, i et rom med rosa gardiner og en vinduskarm med en plante i en lys krukke.
Les meir om

Elevé Kollektivet