Studiotimar
-

Rom for å lande
Ein roleg, mjuk og avslappande time.
Vi leitar fram ullmattene på golvet, det varme teppet, og etterkvart skal vi finne den gode stillinga.Her kan du få eit pusterom i kvardagen. Ei mjuk pause frå tempo, krav og forventningar.
Rom for å lande i kroppen, puste djupare og eit rom der du kan hente deg inn igjen. Med lange strekk, mjuke bevegelsar og avspenning håper eg at du går heim med lave skuldrar - klar til å finne søvnen med balanse i kroppen.
-

Mobilitet og Pust
Ei funksjonell økt for deg som vil ha ein meir bevegeleg og stabil kropp.
Vi jobbar med mobilitet i hofter, rygg og skuldre, kombinert med stabiliserande arbeid og bevisst pust. Timen er strukturert, jordnær og konkret – utan prestasjonspress.
Dette er ikkje ein mjuk avspenningstime. Dette er grunnarbeid for kroppen din.
Passar for deg som:
Sit mykje i kvardagen og kjenner deg stiv. Vil førebyggje belastningar. Ønskjer betre samspel mellom pust og rørsle
Du går heim med betre flyt, meir kroppskontroll og ei kjensle av at kroppen arbeider meir heilskapleg. Open for alle nivå.
-

Roleg Yoga
Denne timen kombinerer mjuke rørsler, enkle tøyeøvingar og djup avspenning som gir kroppen balanse og sinnet kvile. Roleg yoga er laga for å redusere stress, løyse opp i spenningar og auke blodsirkulasjonen.
Gjennom rolege sekvensar og fokus på pust får du høve til å lande, fylle på energi og styrke kontakta med kroppen.
Timen passar for alle nivå – enten du er heilt ny eller har erfaring frå før.
-

Danseglede
Timen passar for alle – du treng inga danseerfaring, berre lyst til å røre deg og ha det kjekt.
I denne timen får du sleppe kroppen fri og la musikken ta deg med. Vi startar med ei roleg oppvarming før vi bevegar oss gjennom ulike dansestilar som hip hop, jazz og fri rørsle. Timane vil variere litt frå gong til gong, slik at du får utforske nye uttrykk og finne din eigen flyt.
Vi avsluttar timen med roleg tøying.
-

Privat Yogatime
Ein privat yogatime gir deg skreddarsydd rettleiing tilpassa dine behov og mål. Du får tett oppfølging, tid til å stille spørsmål og øvingar som styrkjer kroppen, aukar fleksibiliteten og gir djupare ro.
Dette er perfekt for deg som ønskjer å kome i gong, byggje tryggleik i eigen praksis eller få ei personleg tilnærming til yoga. Timen kan tilpassast både nybyrjarar og meir erfarne.
-

Energi i Balanse
Eit program som kombinerer yoga, meditasjon og tapping – med chakrasystemet (kroppen sine energisenter) som tema.
Gjennom fire samlingar får du støtte til å finne indre balanse, flyt og livskraft.
Kvar økt gir deg ei reise inn i kroppen:
– Kontakt med eigen energi
– Løyse opp blokkeringar og stress
– Finne ro og klarheit
– Lære enkle verktøy for sjølvregulering i kvardagen