Privatarrangement
i keramikkverkstaden.

Book verkstaden for deg og vennene dine. Ein kveld med hendene i leire, god stemning og noko å ta med heim.

Ei oppleving utan prestasjon

Eit privat keramikkarrangement hos Elevé er ei roleg og sosial oppleving der deltakarane får jobbe med leire i sitt eige tempo.
Her handlar det ikkje om å vere flink – men om å vere til stades, skape med hendene og dele prosessen.

Kven passar private arrangement for?

Private grupper

  • Vennegjengar

  • Bursdagar

  • Utdrikningslag

  • Små feiringar i rolege rammer

Ingen forkunnskap er nødvendig.

Vi har følgande pakkar
å velge mellom:

#1 Sosial keramikkveld

For dykk som vil kombinere mat, drikke og kreativ aktivitet

Start kvelden med eit godt måltid rundt bordet, før de går over i ein roleg og skapande keramikkøkt. Ei sosial oppleving der praten flyt like lett som leira mellom hendene.

Dette får de:

  • Varigheit: 3,5 timar

  • Dekka bord (servise og glas)

  • De tek med eigen mat og drikke

  • Kaffe/te og lett snacks vert servert.

  • Introduksjon til klypeteknikk

  • Lag kopp eller skål med hank/fot

  • Inkludert glasering (legge farge på kreasjonane)

Pris:
Frå 9000 kr (6–8 personar)

  • 700 kr per person over 8

#2 Keramikkoppleving

Ein rein, kreativ workshop – rett på sak

For dykk som ønskjer fullt fokus på det kreative. Ei roleg og inspirerande økt der de får jobbe med leire og skape noko eige.

Dette får de:

  • 2,5 timar varigheit

  • Kaffe/te, vatn med smak og snacks

  • Introduksjon og rettleiing undervegs

  • Lag kopp eller skål med hank/fot

  • Inkludert glasering (legge farge på kreasjonane)

Pris:
Frå 7500 kr (6–8 personar)

  • 600 kr per person over 8

Tillegg

Glasere sjølv etter råbrann (2 timar)

For dykk som ønskjer meir kontroll og eit meir gjennomarbeidd resultat.

Arbeida dykkar blir først tørka og brent (råbrann). Når de kjem tilbake, glaserer de på ferdig herda keramikk.

Dette gir skarpare fargar, reinare linjer og fleire moglegheiter for detaljar.

Dette er også ein fin måte å forlenge opplevinga på – og kome tilbake til verkstaden.

Pris: 400 kr per person

(Tid avtalast ca. 2 veker etter arrangement)

Kveldstillegg helg (fredag, laurdag og søndag)

  • 1 500 kr per booking

  • Minimum pris per booking: 7500 kr

  • Maks kapasitet: tilpassast gruppa (anbefalt 6–10 personar)

  • Ingen forkunnskap nødvendig

  • Arbeida er klare for henting etter ca. 3–4 veker

Send førespurnad med ønskt dato, antal personar og ønskjer, så finn vi eit opplegg som passar for dykk.

Praktisk informasjon