Retningslinjer og rutiner
Elevé Keramikkverkstad
Desse retningslinjene er laga for å sikre eit trygt, ryddig og inspirerande verkstadmiljø for alle medlemmar. Ved å følgje desse bidreg du til at verkstaden fungerer godt både praktisk og sosialt.
1. Tilgang og booking
Alle arbeidsøkter i verkstaden skal bookast via medlemsportalen.
Viktig for tryggleik (brann, uforutsette situasjonar, eigar av bygget, parkering).
Gjer at du har oversikt over timane dine kvar månad.
Jobbar du heime med leire tilknytt verkstaden, registrer dette i portalen og marker med «heime».
Kode til døra vert oppgitt ved fysisk gjennomgang i verkstaden ved oppstart.
Hugs å låse begge dørene før du går. (siste person ut)
2. Orden og ryddighet
Sett alltid utstyr tilbake på same plass du fann det – og pass på at det er reingjort.
Vask arbeidsområdet etter deg:
Bruk fuktig svamp/klut på bord, stol, utstyr og golv.
Tørk over med tørr klut.
Dette hindrar at tørr leire utviklar seg til støv som er helseskadeleg.
Eigen hylleplass skal også vaskast jamleg med fuktig klut.
Merk private glasurar og verktøy med namn/sprittusj.
3. Bruk av leire og glasur
Fellesleire:
Elevé bestiller og får levert leire til verkstaden.
Du kan forsyne deg fritt, men blir belastet per pakke. Prisliste står ved leira, registrer navn og type leire. Fakturering vert sendt via vippskrav.
Fellesglasurar:
Under- og lavtbrennande glasurar kan nyttast fritt.
Merk gjenstandene med «felles underglasur» før råbrann.
Blank overglasur er også tilgjengeleg – ta kontakt med verkstadsleiar før bruk og les alltid instruksjon på boksen.
Eigen glasur/leire:
Mange bestiller frå t.d. Waldemar Ellefsen.
4. Brenning
Plassering av arbeid:
To hyller i: råbrann og høgbrent glasur.
Merk gjenstanden med namn + dato for plassering (ikkje dato for når den er laga).
Viktige reglar:
Gjenstandar til råbrann må vere heilt tørre (minst 1 veke tørketid).
Ved glasering med ny glasur: sett alltid på coaster og evt. stilt.
Dersom glasur renn på brenneplater pga. manglande førebygging, blir du belastet kr. 500,-.
Coastere og stilts ligg ved glasurbrannhylla.
5. Inspirasjon og respekt
Vi blir alle inspirert av Instagram, Pinterest og kvarandre. Det er lov å bli inspirert, men ikkje å kopiere direkte.
Om du ønskjer å lage noko likt, send ei melding til den som har laga det først. Ofte er det heilt greitt – men respekter at nokon kan ha brukt lang tid på eige design.
Det er naturleg at fleire lagar gjenstandar med likt uttrykk (t.d. bølgefat) – dette er sjølvsagt innafor.
6. Bruk av verkstaden
Verkstaden er kun for medlemmar. Det er ikkje lov å ta med ikkje-medlemmar utan avtale.
Om du kjenner nokon som er interessert, kan dei få prøvetime etter avtale med verkstadsleiar.
7. Tryggleik og hjelp
Ved akutte situasjonar: ring Gabrielle på 934 19 760.
Spørsmål kan rettast til andre medlemmar eller i Messenger-gruppa.
Hugs: Det er mykje å lære i starten. Prøv deg fram og finn ditt eige uttrykk – her er rom for både utforsking og vekst.
8. Felles mål
Målet med retningslinjene er at alle skal ha ei trygg, triveleg og inspirerande oppleving i verkstaden. Ved å følgje rutinane bidreg du til eit fellesskap der vi kan utvikle oss både kreativt og sosialt.