Medlemsavtale – Keramikk Pluss

Verkstadsplass ved Elevé Keramikkverkstad

Ved å bestille medlemskap i Keramikk Pluss ved Elevé Keramikkverkstad stadfestar du at du har lese, forstått og godkjent følgjande vilkår.

1. Innhald i medlemskapet

Keramikk Pluss gir tilgang til verkstaden inntil 25 timar per kalendermånad.

Ubenytta timar kan sparast og nyttast innan to månader etter den aktuelle månaden. Timar som ikkje er brukt innan dette, fell bort.

Medlemmet er sjølv ansvarleg for å halde oversikt over eigne timar etter gjeldande ordning.

Medlemskapet omfattar:

  • Fri bruk av felles utstyr og reiskapar. Keramikk Pluss inkluderer tilgang til dreieskive etter gjeldande bookingordning. Tilgang til dreieskive føreset booking og kan vere avgrensa etter kapasitet.

  • To hyller til oppbevaring av eigne arbeid

  • Tilgang til felles blank dyppeglasur

  • Moglegheit til å ta med éin ven gratis éin gong per månad

  • Moglegheit for å selje eigne produkt via Elevé (etter avtale)

  • Inkludert brenning:
    2 bisque + 2 glasurbrenningar per månad, gjennomført som fellesbrenning etter gjeldande køprinsipp

Medlemskapet gir ikkje rett til eigen, individuell brenning utanom ordinær plan.

2. Materiale og glasur

Leire og glasur er ikkje inkludert i medlemskapet.

Medlemmet må nytte eigen leire og eigen glasur, som er godkjend for bruk i verkstaden. Uautoriserte materiale eller glasurar kan bli avvist.

Felles blank dyppeglasur er tilgjengeleg som del av medlemskapet.

3. Brenning, kø og prioritet

Brenning skjer som fellesbrenning etter fast plan, basert på kapasitet.

Alt arbeid må vere:

  • ferdig tørka

  • korrekt merka med namn og dato

  • levert innan fastsett frist

Keramikk Pluss-medlemmar har prioritet i brenningskø framfor Basis-medlemmar når kapasiteten er avgrensa.

Elevé kan avgrense mengde arbeid per medlem per brenningsrunde for å sikre rettferdig bruk.

Det er ingen garanti for resultat ved brenning. Sprekkar, deformasjon eller glasurfeil kan oppstå.

4. Ekstra brenning

Når inkludert brenning er brukt opp, kan ekstra brenning kjøpast:

  • Ekstra bisquebrenning: 80 kr per arbeid

  • Ekstra glasurbrenning: 120 kr per arbeid

For større arbeid eller seriar kan brenning prisast per hylle etter avtale.

5. Bruk av verkstaden og partanes forpliktingar

Medlemmet pliktar å følgje gjeldande retningslinjer for bruk av verkstaden.

Medlemmet skal alltid rydde og vaske etter seg, inkludert utstyr, reiskapar, bord og golv. Omsyn skal takast til andre medlemmar og naboar.

Skade på utstyr, omn eller lokale som følgje av uforsvarleg bruk kan medføre økonomisk ansvar og/eller tap av medlemskap.

Medlemmet pliktar å bidra til eit trygt, ryddig og inkluderande verkstadsmiljø.

Elevé Keramikkverkstad pliktar å halde utstyr og reiskapar i forsvarleg stand og å gjennomføre brenning etter gjeldande køprinsipp.

6. Ansvar

Deltaking i verkstaden skjer på eige ansvar.

Elevé Keramikkverkstad er ikkje ansvarleg for tap eller skade på personleg eigedom, eller for skade som oppstår under normal bruk og brenning.

7. Etableringsfase

Medlemmet er kjend med at Elevé Keramikkverkstad er i ein etableringsfase, og at enkelte fasilitetar kan mangle i startfasen. Innspel og forslag blir tekne imot med takk.

8. Varigheit og oppseiing

Medlemskapet gjeld for heile kalendermånader frå inngåingstidspunktet.

Avtalen er løpande og kan seiast opp av begge partar med éin månads skriftleg oppseiing, rekna frå første dag i påfølgjande månad.

9. Betaling

Gjeldande pris for Keramikk Pluss er kr 1900 per månad (inkl. mva).

Betaling skjer forskotsvis via nettsida, og medlemskapet blir automatisk fornya kvar månad.

Oppseiing må skje seinast éin månad før ny betalingsperiode startar.

Elevé Keramikkverkstad kan justere prisen ein gong per år med to månaders varsel.

10. Godkjenning

Ved kjøp av medlemskap stadfestar medlemmet at denne avtalen er lesen, forstått og akseptert, og at vilkåra vil bli følgde.