Keramikkurs for nybegynnarar.
Hos Elevé kan du bli kjend med keramikk i eit roleg og inkluderande miljø. Vi jobbar hovudsakleg med handbygging og gir ei enkel og oversiktleg innføring i leire, tilpassa deg som ikkje har erfaring frå før.
Vi tilbyr nybegynnarkurs og kortare introduksjonskurs der du lærer grunnleggande teknikkar, formar eigne produkt og får innsikt i heile prosessen frå rå leire til ferdig keramikk – inkludert glasering. Kursa blir haldne i små grupper, med god tid og tett oppfølging.
Dette kurset er for deg som:
deg som aldri har jobba med leire før
deg som er nysgjerrig på keramikk, men manglar erfaring
deg som ønskjer ei praktisk og oversiktleg innføring
deg som vil prøve noko nytt.
deg som ønskjer ein kreativ aktivitet utan krav til forkunnskap
Kurset er lagt opp slik at alle kan delta, uavhengig av bakgrunn eller tidlegare erfaring.
Kva lærer du på nybegynnarkurset?
Kurset gir ei grunnleggande innføring i handbygging.
Du lærer:
korleis leira fungerer
enkle handbyggingsteknikkar (klypeteknikk, pølseteknikk, plate)
korleis forme ein kopp og ei skål
grunnleggande overflate og enkel dekor
kva som skjer vidare med keramikken etterpå
Målet er at du skal gå heim med meistringsfølelse og forståing, ikkje perfeksjon.
Kva lagar du?
På kurset lagar du vanlegvis:
1 kopp med hank / skål sett - som du får glasere på slutten av kurset.
Kvart produkt blir unikt – akkurat slik det skal vere.
Praktisk informasjon
Varigheit: ca. 2 timar
Nivå: Nybegynnar
Gruppestorleik: Små grupper for god rettleiing
Språk: Norsk
Pris: 800
Inkludert i prisen:
ca. 400 g leire per deltakar
Alt nødvendig utstyr
Brenning av ferdige produkt
Ferdige produkt kan hentast etter avtale når dei er ferdig brende.