Vore kurs og tilbod i Studio
Komande kurs
Eit roleg 4-vekers yogakurs for deg som ønskjer meir ro i kroppen, mindre indre uro og eit avbrekk frå ein kvardag med høgt tempo.
Gjennom enkle øvingar for pust, bevegelse og nervesystem får du verktøy som kan hjelpe deg å sleppe spenningar, puste djupare og kjenne deg meir avslappa – både under timen og i kvardagen.
For meir informasjon kan du trykke på biletet.
Eit roleg 4-vekers kurs for deg som ønskjer meir ro, nærvær og balanse i kvardagen. Ei fast stund i veka der du kan senke tempoet, lytte til kroppen og gi deg sjølv litt meir plass.
For meir informasjon kan du trykke på biletet.
Kjenner du deg stiv i kroppen? Gjennom fire veker jobbar vi med mobilitet, stabilitet, styrke og pust – tilpassa deg og kroppen din.
Med Marko får du konkrete verktøy for betre rørsle og ein kropp som fungerer betre i kvardagen.
For meir informasjon kan du trykke på biletet.
Kvil deg er eit trygt og uformelt kurs der vi utforskar yoga, pust og bevegelse – og lærer enkle måtar å finne meir ro i kroppen og hovudet.
For meir informasjon kan du trykke på biletet.
Rom for å lande er eit pusterom for deg mellom 14 og 19 år – der du kan få meir ro i kroppen, klarare tankar og betre kontakt med deg sjølv.
I gruppa får du utforske yoga, pust, avspenning og ro på ein enkel og uformell måte. Vi skal ta ein pause frå alt som skjer, øve oss på å puste, vere til stades og bevege oss på ein måte som hjelper kroppen med å sleppe spenningar og stress.
For meir informasjon kan du trykke på biletet.