Dette er ein workshop for deg som vil lage di eiga vase frå botn til topp – og samtidig bli litt betre kjend med keramikk som handverk.
I løpet av éi samling lærer du slab-bygging, ein handbyggingsteknikk der du formar leira i flate plater og byggjer dei saman til ei stødig, personleg vase. Vi jobbar i eit roleg tempo med tett rettleiing, slik at du både forstår teknikken og får god tid til å forme akkurat den vasen du ønskjer deg.
Utsida av vasen held vi rein og naturleg, og legg i staden vekt på å arbeide fram spennande tekstur i overflata. Innsida glaserast med ein blank dyppeglasur av meg etter råbrann, slik at vasen blir tett og vassikker, samstundes som den naturlege leirestrukturen får skine på utsida.
Dette lærer du:
Slab-bygging – frå utrulling til ferdig form
Korleis byggje ei stabil og jamn vaseform
Teksturteknikkar for overflata
Klargjering til tørk og brenning
Passar for:
Deg som aldri har jobba med keramikk før
Deg som vil ha eit konkret, ferdig produkt med deg heim
Deg som vil prøve ein ny teknikk enn det du kanskje har gjort på Keramikkveldar
Deg som ønskjer ei roleg og kreativ oppleving, åleine eller saman med andre
Praktisk informasjon:
Pris: 1500 kr
Varigheit: 4–5 timar
Inkluderer ca. 2 kg leire og verktøy
Utsida holdast uglasert med synleg tekstur, innsida glaserast av meg med blank dyppeglasur etter råbrann
Ferdig vase hentast 2–3 veker etter kurset (etter brenning og glasering)
Du treng ingen forkunnskapar – berre lyst til å skape noko du faktisk kan bruke heime.