Bli med på ein kreativ keramikkveld hos Elevé Keramikkverkstad i Fosnavåg.
Keramikk handlar om meir enn det du lagar.
Det handlar om å vere til stades, jobbe med hendene og la tankane få roe seg.
Dette er kvelden der du kan senke skuldrene, vere kreativ – og berre nyte prosessen.
Vi startar kvelden med ei kort og enkel innføring i handbygging. Du får lære grunnleggjande teknikkar og kjem raskt i gang med å forme dine eigne uttrykk.
Du jobbar i ditt eige tempo, med rettleiing undervegs – og har stor fridom til å skape det du sjølv ønskjer.
Du kan til dømes lage:
– koppar
– skåler
– små fat eller objekt
Dette handlar ikkje om perfeksjon – men om å skape, utforske og ha ei god oppleving.
Dette kurset passar for deg som:
– aldri har jobba med keramikk før
– ønskjer ein kreativ aktivitet i kvardagen
– vil gjere noko sosialt saman med venar
– ønskjer å koble av og bruke hendene
Du treng ingen forkunnskapar – alle er velkomne.
Tid: ca. 2,5 timar
Pris: 750 kr per person
Plassar: Maks 10 deltakarar
Inkludert:
– leire & glasur
– bruk av verktøy
– brenning av produkta dine
Etter kurset blir arbeida dine tørka, brent og gjort klare til henting (ca 3 veker).
Plassane er avgrensa – sikre deg din plass i dag.

Dette kurset er for deg som vil lære keramikk frå grunnen av, og samtidig få tid til å bli trygg i materialet.
Over tre samlingar får du ei grundig og praktisk innføring i handbyggingsteknikkar, der du lærer å forme dine eigne koppar, skåler og enkle objekt – steg for steg.
Vi jobbar i eit roleg og inspirerande miljø, med tett rettleiing undervegs. Du får forståing for både teknikk, prosess og material, slik at du kan utvikle ditt eige uttrykk.
Grunnleggjande handbyggingsteknikkar (klype og plate)
Korleis bygge opp stabile former
Enkle dekor- og overflateteknikkar
Klargjering til tørk og brenning
Glasering av eigne produkt
Kurset går over tre dagar, slik at du får tid til både å lære, prøve og utvikle deg mellom kvar samling.
Deg som aldri har jobba med keramikk før
Deg som vil ha ei grundigare innføring enn ein enkel keramikkkveld
Deg som ønskjer ein kreativ pause med meining
Pris: 2900 kr
Varigheit: 3 samlingar
Laurdag 26. september kl. 10:00 - 14:00
Søndag 27. september kl. 10:00 - 14:00
Søndag 10. Juni kl. 10:00 - 14:00 (glasering etter råbrann - tidspunkt kan avtalast etter ønskje og behov)
Små grupper for tett oppfølging
Inkluderer leire (ca. 4kg), verktøy, brenning og glasur
Du treng ingen forkunnskapar – berre lysta til å skape.
Gi ei oppleving – ikkje berre ein ting.
Med dette gåvekortet får mottakaren utforske kreativiteten sin gjennom keramikk i eit roleg og inspirerande miljø.
Perfekt for deg som vil gi ei meiningsfull pause frå kvardagen – åleine eller saman med andre.
Kan brukast på kurs, keramikkveld eller private arrangement.
Søket ga ingen treff. Prøv å fjerne et par filtre.