Vagus-yoga er eit roleg yogakurs med fokus på regulering av nervesystemet gjennom pust, mjuke bevegelsar og enkle teknikkar for avspenning og sirkulasjon.
I ein kvardag med høgt tempo og mykje inntrykk kan kroppen bli ståande i konstant beredskap. Desse timane er laga for å hjelpe kroppen ned i gir — ikkje gjennom prestasjon eller hard trening, men gjennom rolege og effektive øvingar som støttar kroppen si evne til kvile, restitusjon og regulering.
Vi jobbar med:
pust og pusterytme
mjuke mobiliserande øvingar
avspenning
sirkulasjon og flyt i kroppen
kontakt med kroppen og nervesystemet
Timane passar for både nybegynnarar og deg som har erfaring frå yoga frå før. Øvingane er enkle å følge, og du kan tilpasse intensiteten etter eiga form og dagsform.
Målet er ikkje å prestere — men å gå ut av timen litt rolegare, litt mjukare og litt meir regulert enn då du kom inn.
Søket ga ingen treff. Prøv å fjerne et par filtre.