KJENNER DU AT DU TRENG Å STOPPE LITT OPP?

Ei helg litt utanom det vanlege

I ein kvardag der vi stadig skal vidare, prestere, organisere og vere til stades for andre, kan det vere lett å miste kontakten med seg sjølv.

Frå innsikt til uttrykk er ei helg for deg som ønskjer å lande, lytte innover og utforske kva du eigentleg treng – i kroppen, i livet og akkurat no.

Dette er ikkje ei helg der du skal bli ein ny versjon av deg sjølv. Det handlar om å kome nærare den du allereie er.

Gjennom kroppspraksis, pust, refleksjon, guidede prosessar og kreativ utforsking får du tid og rom til å stoppe opp. Du får utforske det som rører seg i deg, og gi plass til nye perspektiv – utan krav om å prestere eller finne alle svara.

PERIODETEMA

Gi slepp, takksemd og kvile

Denne helga har vi valt å samle oss rundt tre ord: gi slepp, takksemd og kvile.

Dei fylgjer deg gjennom heile reisa – frå roleg kroppspraksis, via refleksjon og utforsking, til den skapande økta med keramikk, der leira sjølv inviterer til å sleppe kontroll og la noko ta form i sitt eige tempo.

GI SLEPP

Sleppe kontroll og forventningar

TAKKSEMD

Kjenne etter kva som allereie er godt

KVILE

Gje kropp og sinn rom til å senke tempoet

FRÅ INNSIKT TIL UTTRYKK

Retreaten er bygd opp som ei reise

01

Vi startar med kroppen. Gjennom roleg bevegelse, pust og nærvær får du tid til å senke tempoet, legge kvardagen litt til side og lande her og no.

Lande

02

Du får tid til å stoppe opp og bli bevisst på kvar du står akkurat no. Kva tek plass? Kva gir energi? Kva lengtar du etter?

Sjå

03

Gjennom ulikeøvingar, refleksjon og samtalar utforskar vi mønster, behov, grenser og det som kanskje held deg tilbake.

Utforske

04

Når innsikta skal få eit uttrykk, flyttar vi oss frå hovudet til hendene. Gjennom keramikk og kreativ utforsking får du arbeide med hendene, vere i prosessen og skape utan krav om å prestere eller lage noko «perfekt». Her handlar det like mykje om sjølve prosessen som om det du sit igjen med til slutt. Du treng ingen erfaring med keramikk frå før.

Gi slepp & skap nytt

05

Søndagen handlar om å samle det du har oppdaga og finne ut kva du ønskjer å ta med deg vidare. Du reiser ikkje heim med ein fasit, men med meir kontakt med deg sjølv og eit tydelegare neste steg.

Ta med vidare

LOKALOMRÅDET

Om staden

Ytst mot havet ligg Fosnavåg. Her er naturen alltid tett på – og aldri heilt den same. Vêret skiftar, lyset endrar seg, og havet kan vere både stille og kraftfullt.

Det er her, på Elevé, vi inviterar deg til å ta ei helg litt ut av kvardagen. Ei helg med færre ting du skal nå og meir tid til å vere til stades i det som er.

Til å senke tempoet, puste, bevege deg, reflektere og skape. Med tid for deg sjølv, fellesskap med andre – og havet, fjella og naturen rett utanfor døra.

FRIVILLEG SØNDAG

Bli med på ein fjelltur til Hornseten – med 360 graders utsikt over øysamfunnet og fjelltoppane rundt. Ca. 1 times gåtur opp og ned.

INKLUDERT I RETREATEN

Dette får du

Roleg kroppspraksis

Roleg kroppspraksis

Guida refleksjonsøvingar

Roleg kroppspraksis

Kreativ workshop med keramikk

Lunsj og middag laurdag

Snacks og servering søndag

Eit trygt og lite fellesskap

Tid og rom til å lande, utforske og integrere

ER DETTE FOR DEG?

Kven passar retreaten for

For deg som:

kjenner behov for å stoppe opp

står i ein overgang eller endring

ønskjer meir kontakt med deg sjølv

kjenner at noko i livet treng å justerast

ønskjer å utforskje kva du eigentleg vil

treng ein pause frå krav, tempo og kvardag

ønskjer ei helg med både djupne, kreativitet og fellesskap

Du treng ingen erfaring med kroppspraksis eller meditasjon for å delta. Du treng heller ikkje kome med eit bestemt problem eller eit stort mål. Det held at du kjenner: «Eg treng denne helga.»

PRAKTISK INFORMASJON

Når og korleis

Retreaten startar laurdag føremiddag. Du kan velje å kome allereie fredag kveld dersom du ønskjer ein rolegare start. Vi har avtalt eigen rabatt på hotellovernatting for retreatdeltakarane. Frukost blir servert på hotellet søndag morgon.

NÅR

Laurdag-søndag (dato)

STAD

(stad / hotell)

TID

laurdag kl. - søndag kl.

PRIS

(pris)

Overnatting og frukost er ikkje inkludert i retreatprisen. Som deltakar får du eigen retreatpris på hotellet dersom du ønskjer å overnatte.

Plassane er avgrensa, slik at vi kan halde retreaten liten og nær.

VELKOMEN TIL

Frå innsikt til uttrykk