Medlemsavtale Keramikk Basis – Verkstadsplass ved Elevé Keramikkverkstad
Ved å bestille verkstadsplass ved Elevé Keramikkverkstad bekreftar du at du har lese, forstått og godkjent følgande vilkår:
1. Innhald i medlemskapet
Medlemskapent gir tilgang til verkstaden inntil 12 timar per kalendermånad.
Ubenytta timar kan sparast og nyttast innan to månader etter den aktuelle månaden.
Medlemmet må sjølv føre oversikt over sine timar etter gjeldande ordning.
Felles reiskapar og utstyr kan nyttast, med unntak av material som medlemmet sjølv må skaffe (t.d. leire, glasur, dekaler).
Medlemmet får tildelt hylleplass for eigne eigendelar og kan få eigne gjenstandar brent etter gjeldande køprinsipp.
Medlemmer kan få tilbod om å delta på kurs, workshop, interne arrangement og eventuelt selje eigne gjenstandar ved verkstadsutsal.
2. Partanes forpliktingar
Medlemmet pliktar å følgje retningslinjene for bruk av lokalet/tilgangen.
Begge partar pliktar å halde orden og bidra til eit hyggeleg verkstadsmiljø. Øydelegg ein ei gjenstand må ein straks gje beskjed.
Medlemmet skal alltid rydde og vaske etter seg, inkludert utstyr, reiskapar, bord og golv. Naboar skal takast omsyn til.
Uforsvarleg bruk som fører til skade på utstyr eller lokale kan føre til økonomisk ansvar og/eller tap av medlemskap.
Medlemmet pliktar å vise omsyn til andre medlemmar og bidra til eit trygt og inkluderande miljø.
Elevé Keramikkverkstad pliktar å halde utstyr og reiskapar i forsvarleg stand og å brenne gjenstandar etter gjeldande køprinsipp.
3. Ansvar
Elevé Keramikkerkstad er ikkje ansvarleg for personleg eigedom som blir skada eller tapt.
Deltaking skjer på eige ansvar.
4. Etableringsfase
Medlemmet er kjend med at Elevé Keramikkverkstad er i ein etableringsfase, og at det kan mangle fasilitetar i starten. Innspel og forslag til utstyr og lokalar blir tatt imot med takk.
5. Varigheit og oppseiing
Medlemskapen gjeld for heile kalendermånader frå inngåingstidspunktet.
Avtalen er løpande til den blir sagt opp av ein av partane.
Oppseiingstida er ein månad, gjeldande frå første dag i kvar månad, og skal skje skriftleg.
6. Betaling
Medlemmet pliktar å betale gjeldande medlemspris: kr 700,- pr. månad (mva-fritt), som gir tilgang til 12 timar per månad.
Betaling skjer forskotsvis gjennom nettsida vår.
Medlemskapet fornyar seg automatisk kvar månad.
Oppseiing må gjerast seinast 1 månad før ny betalingsperiode startar.
Elevé Keramikkverkstad kan justere prisen ein gong i året med to månaders varsel.
7. Godkjenning
Ved å kjøpe medlemskapet godkjenner du denne avtalen og forpliktar deg til å følgje punkta over.